Rune

Foto. Sylvain Cavatz
Foto. Sylvain Cavatz

Rune Solheim

Personleg trenar

Eg er utdanna allmenlærar og har jobba som personleg trenar dei siste 15 åra. Den idrettsfaglege utdanninga vart gjennomført på Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges Idrettshøgskule, Dei seinare åra har intern og ekstern kursing ved Mykjemeir Asker, samt sjølvstudier utvida den faglege horisonten. 

Eg har bakgrunn som fotballspelar, og har dei siste åra brukt det meste av treningstida på løping. Fyrst med mål om å bli ein betre løpar utan å trena veldig mykje. Dei siste åra har mengden auka med mål om betre tider på maraton. Så langt har alle maraton etter fylte 40 år, resultert i 2.33-2.35, noko som har plassert meg som på topp i min aldersklasse i Norge.  

Filosofien min er at det aller viktigaste er løpeglede. Vegen mot målet er, etter mi meinig, det viktigaste for ein mosjonist/supermosjonist. Målet er eit verkemiddel for å få til kontinuitet, som trengs for å bli betre, uansett om gjeld løping, styrke eller helse generelt.

Med pedagogisk bakgrunn, brenn eg for å gjera ting enkelt og forsøka utvikla heile mennesket gjennom trening og aktivitet. Målet er at alle som trenar med meg skal få lærdom kring bruk av eigen kropp og korleis best mogeleg utnytta potensiale kvar einskild sit på. Dette skal gjerast gjennom kontinuitet og enkle hjelpemiddel, enten det er opptrening etter skade, opptrening mot eit spesifikt mål eller personleg utvikling som er målet.